"Er han død?" Clara tør nesten ikkje spørje, for det er hennar eigen villven Katt det gjeld. Livet hans heng i ein spindelvevtynn tråd, og viss Clara vil redde han, må ho følgje eit spor som fører henne rett i klørne på dødsfienden Kimæra ... Kimæras hemn er tredje boka i serien om Clara, kjærleiken hennar til dyr og kampen for å overleve som villheks i ei verd der magi ikkje akkurat er barnemat. Dette er bok nr. 3 i Villheksserien, som finst både på nynorsk og bokmål.