Guten og den vesle mannen

Lars Amund Vaage |
Innbunden | ISBN: 9788252157338

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price250 kr

I 1990 kom Lars Amund Vaages første bok om Peder, Guten med den mjuke magen. Der fekk vi høyre om då Peder kom på sjukehus, om den spennande båtreisa til den store byen og om sjokket då faren leidde han til sjukehuset. No gir Det Norske Samlaget ut ei ny bok om Peder, Guten og den vesle mannen, der forteljinga held fram.

Han høyrde mor seia at dei måtte dra. Ho nemnde noko om ein buss som gjekk. Peder sov ikkje meir. Han hadde vore borte ein liten augneblink. No var han vaken.

Dei andre skulle dra. Men han skulle vera der.

Var det slik? Var det mogeleg? Han visste ikkje. Han kunne ikkje tenkja på det.

Han låg og venta. Skulle dei gå? Kom det til å henda? Korleis blei det etterpå, når dei var farne? Korleis blei det når han berre var ein liten gut? Fekk dei mat der inne? Korleis var det i det store, kvite sjukehuset?

Peder skal opererast. Han ligg på rom med mange andre barn, og sjukesyster Brita er god å ha, men det er fælt å vere langt frå far og mor. Forfattarens skarpe sansingar og levande språk byr på gjenkjenning og leseglede for store og små.

Lars Amund Vaage

Du likar kanskje desse

Sist sett på