Eg er her enno: Livet med uhelbredeleg kreft

Eli Strand |
Innbunden | ISBN: 9788234007002

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr
Forventa i sal: 10.09.2022
Det er tøft å leve med uhelbredeleg sjukdom og utsiktane til eit avkorta liv. Eli Strand fortel om tida etter kreftdiagnosen og korleis det er å leve når kvar dag tel.

I løpet av livet blir éin av tre nordmenn råka av kreft. For mange av dei finst det ikkje behandling som verkar. Eli Strand er ein av dei som lever med kronisk kreft. I denne boka fortel ho om korleis ho har levd med dei dårlege prognosane, og om håpet som har kome og blitt borte att. Slik som sommaren 2021, då Eli Strand blei den første i Noreg til å prøve ein ny og lovande immunterapi, og den etterfølgjande hausten, då ho fekk beskjed om at behandlinga ikkje fungerte likevel.

Strand skildrar korleis det er å leve med eit avkorta liv. «Eg lever enno» er ei bok om å vere drit lei, om å finne styrke og ikkje minst om glede.

Strands openheit om kreften gjer det lettare for oss andre å vere gode medmenneske når dei rundt oss blir råka av sjukdom. Ho fortel også om ei dyrkjøpt innsikt i korleis ho har lært å verdsette kvar dag.

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du likar kanskje desse

Sist sett på