Ei tapt tid, ein tapt eksistens, eit liv kopla til død eller fråvær. Og gjennom setningane og minna i heile boka: Havets rørsler i ei plastisk mjuk rytmisk veksling.
Du finst i bølgjene er ein poetisk lesetrip, uthaldande og fokusert. Og både på korte og lange distansar musikalsk levande og vakker i tone og språkføring. På eit vis er boka som eit musikkverk _x0096_ i ord, ikkje i tonar - inndelt i fire lange «satsar». Fleire av dei mindre einskildtekstene står seg godt åleine, men det er i det lange draget gjennom kvar einskild bolk/sats at boka står fram. Ikkje minst er opningsbolken lysande vakker, klar, medrivande og overtydande.
"Debutantdikt med slåande beat [...] Diktdebutanten Jon Olav Sørhaugs slyngande diktsveip og lause ordremser er tidvis suggererande lesnad. Særleg beaten som strøymer gjennom dikta og høgg tak i ein umiddelbart, bidreg til dette [...] ein lovande debut."
"En ærlig, lavmælt og godt gjennomført debutsamling, med en evig aktuell tematikk."
"Fine ditk fra debutant som har komponert en helstøpt samling der savn og lengsel står som samlende tema"
Jon Olav Sørhaug
Debutboka er blitt omtala som ein poetisk lesetrip. Både her og i Det blinde punktet (2010) viser Jon Olav Sørhaug talent for å skrive sterke dikt som er uthaldande og konsentrert, og både på korte og lange distansar musikalsk levande og vakker i tone og språkføring. Sørhaug har mastergrad i nordisk språk og litteraturvitskap, samt utdanning i organisasjon og leiarskap. Han bur no i Kristiansand der han arbeider som prosjektleiar i Aker Solutions.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO