Nokon kjem til å kome

Jon Fosse

Nokon kjem til å kome er det aller første teaterstykket Jon Fosse skreiv. Det handlar om Han og Ho som flyttar til eit gammalt hus ved havet for å vera aleine saman. Dei nærast flyktar frå menneskeverda, men angsten for at nokon skal øydeleggja einsemda rir dei begge. Og nokon kjem.

Jon Fosses dramatiske raptus byrja med Nokon kjem til å kome. Stykket vart spelt første gong på Det Norske Teatret i 1996, og Fosse markerte seg som noko heilt nytt i samtidsdramatikken. Seinare har stykket nærast reist verda rundt og blitt eit av dei mest kjende og mest spelte Fosse-stykka.



Meir frå Jon Fosse