Odd Friedland låg flatt ut på rygg i sin halvdel av senga, kjende tyngdekrafta knuga han ned i madrassen, eit einaste jamt drag inn mot jordkjernen. Tida er komen, tenkte han, jorda er i ferd med å kalla meg tilbake, no skal Odd Friedland brytast ned.
Friedland er litt som Snåsamannen, berre utan dei gode intensjonane. Han driv med fjernhealing, energibalansering, jordstråling og alt mogleg anna som kan kasta av seg. Sonen Kristoffer tener nesten ingenting, men aner at han snart må bli vaksen. Den lokale etterspurnaden etter heimebrent, narkotika og krekebærsaft kan gi næring for mange, men det vil krevja eit samspel på tvers av generasjonar. I tillegg involverer det både politi og kriminelle, spørsmålet er om far og son Friedland har det som skal til. Kan dei få drahjelp utanfrå, eller er hunden Laika den einaste dei kan stola på?
Jens K. Styve (f. 1972) fekk i 2007 strålande mottaking for debutboka si Eg, Ove Kvamme, no tek han forfattarskapet vidare i ei dramatisk og fengjande historie frå Nord-Noreg. Det føregår i eit mørkt og småkorrupt bygdeunivers som er ispedd solide dosar med humor og menneskeleg varme.
Meldingar
Jon Øystein Flink, Klassekampen
Friedland utspiller seg i sin helhet i et grovt, maskulint miljø. Man kler seg i t-skjorter man har fått på en messe en gang, interiørene lukter av muggsopp ... Mens Odd brenner sprit og på sin måte representerer old-school lurveri, holder ungdommen på med kraftigere saker. Veien fra distriktene til Breaking Bad er ikke så lang. "
Jens K. Styve
(f. 1972) kjem frå Hjelmås i Nordhordland. Han arbeider i Tromsø, mellom anna som forfattar av bøker, teikneseriar, film- og fjernsynsmanus.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO