Romantiske vennskap: sjelevenner i norsk kultur

Jan Olav Gatland |
Innbunden | Sidetal: 236 | ISBN: 9788252190014

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
Sjelevenner i norsk kultur

På 1800-talet stod vennskapet høgt i kurs, og ikkje minst varme vennskap mellom to personar av same kjønn. Tvillingsjeler eller sjelevenner forstår kvarandre i alt. Den eine er ikkje heilt lykkeleg utan den andre. Denne boka handlar om fjorten slike vennepar, sju kvinnelege og sju mannlege, der dei fleste er kunstnarar, anten innan biletkunst, litteratur eller musikk. To av dei kvinnelege vennepara er forretningskvinner og viktige pionerar i sine respektive bransjar. Historia om dei nære forholda fortel òg korleis personane har funne inspirasjon og kraft i vennskapet og utvikla seg ved hjelp av den andre.

Dette er nokre av para i boka: Harriet Backer og Kitty Kielland, Bjørnstjerne Bjørnson og Clemens Petersen, Synnøve Finden og Pernille Holmen, Edvard Grieg og Frantz Beyer, Gunvor Hofmo og Ruth Maier, Tor Jonsson og Jan-Magnus Bruheim, Marie Høeg og Bolette Berg.

Bla-i-boka

Jan Olav Gatland

Du likar kanskje desse

Sist sett på