Idar Lind
(f. 1954) har gitt ut ungdomsbøker, romanar for vaksne og sakprosa. Han har også skrive kriminalromanane Hysj og Usynlige spor under psevdonymet Telma B.S. Hansen. Lind voks opp på Otterøya ved Namsos. Han er utdanna cand.mag. med faga kjemi, biologi og drama/film/teater.
Lind debuterte som romanforfattar med Stengte dører i 1983 og som dramatikar i 1990. Han har òg skrive visetekstar og songtekstar, m.a. for D.D.E. Som forfattar har Lind utmerkt seg mest innanfor kriminalsjangeren, og fekk i 1989 Rivertonprisen for 13 takters blues. Krimbøkene hans har eit samfunnskritisk perspektiv samtidig som dei har eit leikande og parodierande forhold til krimsjangeren. Lind har også skrive dei tre ungdomsromanane Det kvite spydet (1988), Vegen til Åsgard (1990) og Den siste dronninga (1991), som til saman utgjer serien Drakeblod. I 2000 kom den historiske romanen Kark, der vi får høyre om den siste store heidningen, Håkon Ladejarl, og Tormod Kark, trælen som tok livet av herren sin.
I 2005 gav Lind ut det omfattande oppslagsverket Norrøn mytologi frå A til Å. Idar Lind har vore styremedlem i Tekstforfatterfondet og Den norske Forfatterforening, og leiar av Trøndersk forfattarlag. Han bur i Trondheim.
Litterære prisar
- Rivertonprisen
- Naumdøla Mållags målpris
- Aschehougs spenningsromankonkurranse
Vis alle prisaneVis færre prisar
Rivertonprisen
For 13 takters blues
Naumdøla Mållags målpris
Naumdøla Mållags målpris for 1986
Aschehougs spenningsromankonkurranse
Med Hotell Tordenskjold.
Utgivingar av forfattaren
Drakeblod
Drakeblod
Drakeblod: det kvite spydet : første forteljing
Det er den unge munken, broder Aun av Cenannus som fortel. Året er 995 og Aun har fått i oppdrag å skrive ned historia om korleis Olav Tryggvason
Les meir …
Kark
Av drygt 70 medlemmer i Rinnanbanden, var meir enn ein femdel kvinner. Kvinnene var ikkje berre "lokkeduer", men var på same vis som mennene kurerar, agentar, angivarar, provokatørar,
Les meir …
Kvinnene i Rinnanbanden
Det beste oppslagsverket om norrøn mytologi. Alle dei kjende (og ukjende) namna, stadene og omgrepa er med i det mest omfattande.verket i sitt slag på norsk. Bokmålsformer, alternative
Les meir …
Norrøn mytologi: frå a til å
Eit alfabetisk oppslagsverk om norrøn mytologi. Her finn du dei kjende og ukjende namna, stadene og omgrepa innanfor den norrøne mytologien. Bokmålsformer, alternative nynorskformer og norrøne/islandske former er
Les meir …

