Kark
Innbunden

Kark

Det er den unge munken, broder Aun av Cenannus som fortel. Året er 995 og Aun har fått i oppdrag å skrive ned historia om korleis Olav Tryggvason vinn over heidenskapen i Noreg, og gir landet den rette kongen og den rette trua. På reisa nordover frå Irland blir Aun ramma av feber. Heksekunstane til ei volve bergar munken ut av sjukdommen, men Aun blir fanga inn av ein anna feber fascinasjonen for den heidenske avgudsdyrkinga og historia om den siste store heidningen, Håkon Ladejarl, og Tormod Kark, trælen som tok livet av herren sin.

429,00 kr
Idar Lind
Om forfattaren

Idar Lind

(f. 1954) har gitt ut ungdomsbøker, romanar for vaksne og sakprosa. Han har også skrive kriminalromanane Hysj og Usynlige spor under psevdonymet Telma B.S. Hansen. Lind voks opp på Otterøya ved Namsos. Han er utdanna cand.mag. med faga kjemi, biologi og drama/film/teater.

Lind debuterte som romanforfattar med Stengte dører i 1983 og som dramatikar i 1990. Han har òg skrive visetekstar og songtekstar, m.a. for D.D.E. Som forfattar har Lind utmerkt seg mest innanfor kriminalsjangeren, og fekk i 1989 Rivertonprisen for 13 takters blues. Krimbøkene hans har eit samfunnskritisk perspektiv samtidig som dei har eit leikande og parodierande forhold til krimsjangeren. Lind har også skrive dei tre ungdomsromanane Det kvite spydet (1988), Vegen til Åsgard (1990) og Den siste dronninga (1991), som til saman utgjer serien Drakeblod. I 2000 kom den historiske romanen Kark, der vi får høyre om den siste store heidningen, Håkon Ladejarl, og Tormod Kark, trælen som tok livet av herren sin.

I 2005 gav Lind ut det omfattande oppslagsverket Norrøn mytologi frå A til Å. Idar Lind har vore styremedlem i Tekstforfatterfondet og Den norske Forfatterforening, og leiar av Trøndersk forfattarlag. Han bur i Trondheim.

Sjå alle bøker av Idar Lind →