Hermeneutikk som metode: ein historisk introduksjon
I ein gjennomgang av hermeneutisk tenking frå antikken til vår tiddrøftar han korleis hermeneutikk opphavleg vart forstått, og korleis humanistar og samfunnsforskarar har bidratt til utviklinga av hermeneutiske tolkingsstrategiar. Gilje viser korleis Spinoza utvikla den moderne hermeneutiske intensjonalismen, og korleis denne metoden er blitt vidareført i tradisjonen frå Herder til Weber og Giddens. Hans-Georg Gadamer og hans vekt på forskarens eigne føresetnader representerer eit viktig korrektiv til denne tolkingslæra. I boka blir Gadamer behandla i eit eige kapittel, men blir sett inn i ein større samanheng.
Eit overordna siktemål med boka er å få fram at hermeneutiske tradisjonar som blir oppfatta som uforeinelege, likevel kan sameinast i konkrete tolkingsprosjekt og med fordel kan dra nytte av kvarandre.
Sitat frå melding
["««Nils Giljes historiske introduksjon til hermeneutikken er intet mindre enn ei glimrende lærebok i historisk teori og metode. Bruksverdien både for etablerte historikere og studenter i faget er stor. Med sin faglige kompetanse og velformulerte formidling er Giljes bok velegnet for anvendelse på flere faglige nivåer.»»
Historisk Tidsskrift "]
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO