Klipp deg!: trinn-for-trinn-guide med foto

Irene Stana |
Hefta | Sidetal: 136 | ISBN: 9788234008115

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr
Uansett om du berre skal klippe luggen, stusse tuppane eller vil ha heilt ny frisyre; eit fint resultat krev systematisk jobbing og ein god arbeidsplan. I denne praktiske guiden viser frisør Irene Stana deg dei viktigaste prinsippa bak hårklipp og gir deg steg-for-steg-instruksjonane som hjelper deg i mål. Du får også tips om kva du bør tenke på før du bestemmer deg for frisyre og triksa du treng anten du skal klippe krøller, skjegg eller eit uroleg barn. Boka er rikt illustrert med bilete av heile klippeprosessen på 11 ulike frisyrar.

Hårklipp er først og fremst eit handverk som krev kunnskap og godt verktøy. «Klipp deg!» er for deg som klipper ditt eige eller andres hår, utan at du nokon gong har lært det. For du er slett ikkje aleine! Nær 1 av 4 spurte nordmenn klipper håret heime og går aldri går til frisøren. Endå fleire fiksar eller friskar opp sveisen sjølv mellom frisørtimane. Med Stanas profftips lærer du korleis du med riktig teknikk og verktøy kan få best mogeleg resultat på vidt ulike frisyrar og hårtypar. Med på kjøpet får du også oversikt over klippeutstyret du treng og korleis du pleier håret ditt til kvardags.

------------------------------------------------------------
Retting til boka «Klipp deg!» av Irene Stana: I klippeoppskrifta Pixie på side 122 og 123 manglar det eit bilete, og eit anna bilete er feilplassert. Me beklagar!

Her er rett versjon av dei to sidene:
https://bit.ly/rettingklipp

Bla-i-boka

Irene Stana

Du likar kanskje desse

Sist sett på