Fløgstad verk: skriftprosessar: produksjonslinjer
«Fløgstad verk» er ein forfattarskapsstudie, men kan også lesast som eit stykke litteraturhistorie frå nyare tid. Boka er skriven for alle som har lese eller kjenner til forfattaren Fløgstad, og som vil vite meir om konfliktlinjene i nyare norsk litteratur, kultur og samfunn.
Meldingar
«Gujord er klårtenkt og klårrøysta, både i analysane og i dei ideologiske diskusjonane som ovrar seg hos Fløgstad. Han skriv oversiktleg, underhaldande og opplysande, utan å vere blenda av si openlyse beundring for forfattarskapen. [...] Gujord aktualiserer Fløgstads forfattarskap, gir stor plass til debattar han har stått i, og set dei i samanheng med ideologiske konfliktar i samtida. Det er få som liknar Fløgstad, og difor speglar Gujord han i dei som ikkje liknar.»
Eivind Myklebust, Klassekampen
«Å halde drivet og entusiasmen oppe i einskildlesingar av så mange verk frå eit så stort forfattarskap, er ei krevjande øving, og Gujord skal ha all mogleg honnør for å ha teke på seg den oppgåva – og å ha lykkast med det slik han har. Lesingane er interessante, varierte, grundige og augeopnande»
Idunn.no
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO