Vegemot: dikt
Gjennom tilbakeskodande sveip får lesaren innblikk i endringar, i eit sjølv, i ei tid og i naturen som omgir oss. Her er livslinjer som kryssar kvarandre, men som ikkje alltid møtest, lik linjene i horisonten som heile tida peiker mot noko anna, fortidig eller framtidig.
Dikta i «Vegemot» handlar om å kjenne seg heime i eit landskap, utan at alt er falle på plass i livet. Om ein lengt som enno finst, og eit eg som framleis kliv, søkande og på leit, mot himmelbrynet, lik den vemodige låten av heiloa over levetidslandskapet.
Sitat frå melding
["«Boka lokkar blikket mitt vekk frå alt som brenn og herjar
svalar tanken og lèt meg vere der eg har det godt. Ved vatnet
på fjellet
langs elva. Lengtande
likevel. Sjeldan har eg kjent meg så nær i slekt med eget i ei diktsamling som i Terje Tørrisplass. Vegemot. Å lese dikta er som å la seg omfamne av naturen
falle undrande til ro
men framleis lengte seg nærare sitt menneske på jorda.» - Janne Karin Støylen
Dag og Tid "
"«Der noen poeter gir oss vakre parkplanter . og takk for det
er Terje Tørrisplass kjentmannen som viser vei til fjellgrana og gir oss ro til å ta inn det vi blir stilt ovenfor
og hvem vi er i dette møtet.» - Bjarne Kj
Bokbloggar "]
Terje Tørrisplass
(f. 1957) bur på Bromma i Hallingdal. Han debuterte med diktsamlinga Eg bygger ikkje byar i 2010. Vegemot er den fjerde diktsamlinga hans. I forfattarskapen til Tørrisplass står den livslange og tette relasjonen til naturen sentralt.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO