Liv Signe Navarsete: eg veit kva eg snakkar om!
Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho møtte etter å ha skjelt ut ein sjukehusaktivist? Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk. Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for.
Og slåst, det har ho gjort. Boka tek oss med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor - og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015. Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?
«Eg veit kva eg snakkar om!» gir ikkje berre eit viktig innsyn i ein distriktspolitikars forhold til Oslo-eliten og korleis Navarsete nesten gjekk ut av regjering fordi ho ville redde sjukehuset på Nordfjordeid. Biografien gir også eit unikt innblikk i ein kvinneleg politikars møte med maktarroganse og ufine mannfolk.
Jens Kihl
Jens Kihl (f. 1986) er frå Oslo, men bur i Bergen. Han arbeider som kulturredaktør i Bergens Tidende og har tidlegare vore politisk kommentator i same avis. Før det jobba han i fleire år som politisk journalist i Klassekampen. Kihl er tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar (2017). I 2019 gav han ut boka Dette er også Noreg. Kommunal feelgood.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO