Kan fylkeskommunen fornyast?

Harald Baldersheim |
Hefta | ISBN: 9788252151893

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price339 kr
Boka set søkjelyset på den norske fylkeskommunen og dei utfordringane han står overfor. Har denne institusjonen utspilt si rolle, eller kan han få fornya kraft i det regionale Europa?

Fylkeskommunen er under kritikk frå mange hald. Er den norske fylkeskommunen ein konstruksjon som er blitt til på bakgrunn av særeigne norske forhold? Er kritikken mot fylkeskommunen fortent? Gjer den same kritikken seg gjeldande i andre land? Kvifor er interessa for fylkeskommunen dalande? Er det demokrati, service eller regionalpolitikk som er problemet? Kva rolle skal fylkeskommunen spele i framtida?

Dette er spørsmål som forfattarane er opptekne av. Fylkeskommunen blir samanlikna med mellomnivåa i ei rekkje andre land, og samanlikninga viser at den allmenne trenden i Europa er å byggje ut dette folkevalde mellomnivået. Forfattarane hevdar at fylkeskommunen går nye vegar i det strategiske, regionalpolitiske arbeidet. Eit sentralt ledd i dette arbeidet er utviklinga av internasjonale kontaktar og samarbeidet med regionar i andre land. Ligg framtida for fylkeskommunane i ei aktiv rolle i Regionanes Europa?

Målgruppa for boka er studentar i statsvitskap, offentleg administrasjon og samfunnsfag, politikarar og tilsette i offentleg forvaltning.

Du likar kanskje desse

Sist sett på