På 1970-talet vart emneområdet for barnelitteraturen kraftig utvida. Den realistiske forteljinga viser eit større mangfald av skrivemåtar tekstane viser lesaren tillit og innbyr til meddikting. Det å skrive seg inn under erfaringshorisonten til barnet skulle bli eit særmerke for mange av nynorskforfattarane.
Eit stadig større innslag av fantastiske element kjem inn i barnelitteraturen på 80-talet. Somme forfattarar fabulerer og skrønar med mykje livsglede og humor, men oftast er det fantastiske knytt til det realistiske og tener som ei utviding av det kvardagslege.
Band I inneheld prosaforteljingar som er utgitt over ein periode på 80 år - 1887 til 1966 - og 15 forfattarar er representerte.
Band II inneheld noveller og utdrag av forteljingar som er utgitt over ein 30-årsperiode - 1974 til 2002 - og 17 forfattarar er representerte: Ingvar Moe, Oskar Stein Bjørlykke, Einar Økland, Wenche Krossøy, Sissel S. Bjugn, Helga Gunerius Eriksen, Rønnaug Kleiva, Erna Osland, Torvald Sund, Ragnar Hovland, Lars Amund Vaage, Eva Jensen, Marit Kaldhol, Rune Belsvik, Arnt Birkedal, Jon Fosse, Bjørn Sortland.
Band III innheld poesi frå A.O.Vinje til Jon Fosse, og talet på forfattarar er 26. Biletbøkene er ein eigen sjanger som har fått rom i dette bindet: 6 sentrale biletbøker er gjengitt komplett i fargar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO