Dette er den store boka om mat frå Telemark, full av gode oppskrifter med kjøt og fisk, bakst, supper og nydelege dessertar - alt typisk for Telemark. Kokkane som har laga maten, kjem frå sagnomsuste Dalen hotell, og boka har eit eige kapitel om hotellet og om gourmetmaten staden er kjend for. I tillegg til mat og kulturhistorie inneheld Telemarksmat intervju med kjende telemarkingar som snakkar om gode matminne frå heimfylket og deler oppskrifter med lesarane; Kristin Halvorsen, Sigmund Groven, Alf Cranner, Jahn-Otto Johansen, Knut Buen, Bjørg Vik og fleire. Boka er gjennomillustrert.