Språket er ei bukse. Om biletbruken i norsk språkdebatt

Kristin Fridtun

Er språket ein spegel, eit tårn eller kanskje ein kropp?

Når vi snakkar om språk, bruker vi bilete: «Nynorsken er tufta på talemåla.» «Rettskrivinga må strammast inn.» «Dialektane er ein felles arv.» Det er lett å tenkje at desse metaforiske uttrykka er ein slags språkleg pynt – «dialekt er arv» er liksom berre noko vi seier. Men kva om det ikkje er så enkelt? Kva om desse uttrykka avslører dei djupaste tankane våre om kva språket er?

Med det utgangspunktet drøftar Kristin Fridtun ordbruken til norske språkdebattantar gjennom 200 år, og funna hennar kastar nytt lys over gamle feidar. Ivar Aasen og Knud Knudsen såg på språket som ein bygning, men dei var usamde om fundamentet. Ragna Nielsen oppfatta riksmålet som ein skarp tankereiskap, medan Arnulf Øverland påpeika at «skriftsproget må suge næring av talesproget for ikke å visne». Ein kommentarfeltskribent på vg.no skriv at språket er som ein deig, og språkrådsdirektør Åse Wetås omtalar språket som «sjølve limet i det norske samfunnet».

Slike formuleringar skal vi ikkje kimse av. Oppfatningane våre om kva språket er, legg føringar for dei språkpolitiske synspunkta våre. Om vi skal forstå motdebattantane våre, må vi forstå tankegangen deira – og denne boka hjelper deg med det.


ISBN: 9788252197891

Kategoriar: Fakta og dokumentar, Kommande bøker, Kristin Fridtun

Emneknagg: 2019, Kommande,

Sjanger: Språk og litteratur


Meir frå Kristin Fridtun