Mjøsa rundt med mor: ei livsreise

Bjørn Hatterud |
Hefta | Sidetal: 221 | ISBN: 9788234001215

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price249 kr
Vinnar av Kritikarprisen 2020 og Bibliotekets litteraturpris 2023!

Ei annleis klassereise.

Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han sine fyrste turar bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan.

I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår, som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet i hovudstaden

Dette er ei forteljing om korleis ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen ein voks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

Sitat frå melding

Bjørn Hatterud

Du likar kanskje desse

Sist sett på