- Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus: Seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg

Sigri Sandberg
Innbunden | ISBN: 9788234004414

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price299,00 kr
Forventa i sal: 17.04.2021

Skildring

Biskop i krisetid

Kari Veiteberg er den første kvinnelege
biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid.
For no herjar koronaen, naturen kollapsar,
klimaet blir endra, fundamentalistar krigar,
det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir
stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei
mest sekulariserte samfunna i verda, men har
trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi
ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur
biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho?

I denne boka snakkar Veiteberg om alt dette.
Om eigen oppvekst, om å vere kvinne og prest,
om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel
og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt
sterke sosiale engasjement, ho har jobba blant
uteliggjarar og rusavhengige, og som biskop
opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause.

Biskopen i Oslo fyller 60 år i 2021. Då er det
også 60 år sidan den første kvinnelege presten
vart ordinert i Noreg.

Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo.
Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og
mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive
fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens
kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg
som prest og biskop i både radio og TV, ho har
jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og
undervist i ulike teologiske emne.

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist,
prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om natur, klima og menneske.

Sigri Sandberg

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på