Havørna: vår største rovfugl

Gunnar Myklebust
Innbunden | Sidetal: 202 | ISBN: 9788252199086

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price332,00 kr translation missing: nn.product.general.regular_price379,00 kr

Skildring

Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr.


Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg. I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien.

Boka fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.

Sitat frå melding

Gunnar Myklebust

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på