Last ned omslag

Bla-i-boka

Eit eige rom

Alfred Fidjestøl

Norsk kulturråd 1965-2015

Historia om Norsk kulturråd er historia om korleis Gerhardsen-regjeringa etablerte eit eige rom utanfor politikken, der eit råd av kunstnarar og kulturpersonlegdomar sjølvstendig skulle få forvalte ein eigen post på statsbudsjettet.

Det har alltid stått strid om Norsk kulturråd, mellom anna fordi institusjonen er blitt plassert midt i krysselden for nokre av dei mest grunnleggjande motsetnadene i det norske samfunnet: motsetnaden mellom elitekultur og folkekultur, mellom by og land, mellom ekspertar og folkevalde, mellom kunstens fridom og krava til kunsten. Historia om Norsk kulturråd er difor samstundes ei historie om framvoksteren av det moderne Noreg. Om frykta for fjernsynet og kva som ville skje med norsk kulturliv når alle norske heimar fekk TV, om korleis populistar på Stortinget seinare spotta forfattarar og Kulturråd ved å lese høgt frå den modernistiske lyrikken, og om korleis Framstegspartiet stadig har drøymt om å høgtrykksspyle Kulturrådet «rent for spindelvev».


ISBN: 9788252187311

Kategoriar: Alfred Fidjestøl, Alle bøker, Fakta og dokumentar,

Emneknagg: 2015, Innbunden,

Sjanger: Historie


Meir frå Alfred Fidjestøl