Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv. Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei første realistane i norsk barnelitteratur. I forteljingar som Paa sjølvstyr og Det store nashorne tar han barnets synsvinkel og skriv konkret og jordnært, utan moralistiske overtonar. Løland flytta til Kristiania i 1897 og blei ein sentral person i det nynorsk-intellektuelle miljøet i byen. Han var medarbeidar i avisa Den 17de mai, var aktiv i målrørsla og redaktør av Norsk Barneblad. Dei siste leveåra budde han på Labråten ved Hvalstad, som næraste nabo til Arne og Hulda Garborg. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose.
Ernst Berge Drange (f. 1954) er etnolog, lokalhistorikar og bygdebokskrivar. Til arbeidet med biografien om Rasmus Løland har han gått gjennom eit enormt og unikt kjeldemateriale, bl.a. tusenvis av handskrivne dagbokblad frå forfattaren. Slik gir biografien eit levande bilete av Lølands barndoms- og oppvekstmiljø, men også eit unikt innblikk i korleis den uredde fritenkjaren og radikalaren Løland levde, skreiv, debatterte og fortvilte i det særeigne Kristianiamiljøet han var ein del av.
Meldingar
Ernst Berge Drange
Ernst Berge Drange (f. 1954 i Bergen), magister i etnologi (1982) og tilsett som førstekonservator ved Ryfylkemuseet. Har i ein mannsalder drive med lokalhistorie og bygdebokskriving, og utgitt fire band gards- og ættesoge for Tysnes i Sunnhordland (1986–91) og fleire band med lokalhistorie frå Suldal kommune i Ryfylke: Sand. Gardar og folk i tre band (1997–2000) og Erfjord. Gardar og folk i to band (2004). Har skrive fleire artiklar med kulturhistoriske emne frå Sunnhordland og Ryfylke og levert bidrag til husmannsforskinga på Sørvestlandet. I 1999 skreiv han boka Mænd som ved hvad solidaritet er, 75-årsberetninga til Sauda fabrikkarbeiderforening. Vikarierte som styrar ved Ryfylkemuseet (1992-93). Til arbeidet med biografien om Rasmus Løland har Drange gått gjennom eit enormt og unikt kjeldemateriale, bl.a. tusenvis av handskrivne dagbokblad frå forfattaren. Slik gir biografien eit levande bilete av Lølands barndoms- og oppvekstmiljø, men også eit unikt innblikk i korleis den uredde fritenkjaren og radikalaren Løland levde, skreiv, debatterte og fortvilte i det særeigne Kristianiamiljøet han var ein del av.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO