Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring
I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.
Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønt fabrikkarbeidar, og tek del i kampen for betre arbeidsvilkår og meir demokrati i 1970-åra. Begge kvinnene har frå dei var barn, prøvd å sleppe unna livet i bydelen der dei voks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.
Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia i 1970-åra, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.
Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet går gjennom frå 1950-åra og fram til i dag.
Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Meldingar
"Ypperlig oppfølging av sagaen om kvinnenes Napoli. Elena Ferrante skriver sterkt og viktig om språk og kamp."
Jon Rognlien, Dagbladet
"Det er en trivsel når man som leser går inn de mange små scenene, tablåene, og en nesten overveldende følelse når man ser hvor Ferrante fører oss denne gang."
Guri Hjeltnes, VG
”Napoli-kvartetten til Elena Ferrante er faktisk etfortsatt voksende fenomen. For hver bok som utgis, starter flere på bok én i serien.”
Ole Jacob Hoel, Adresseavisen
"Gjennom å gå tett på to italienske venninners arrete hverdager får Ferrante godt frem hvor brutalt nådeløst og samtidig vakkert livet kan fortone seg."
Silje S. Norevik, Bergens Tidende
”Første bok i Elena Ferrantes romanserie er som en kime med uante muligheter. Nå er den tredje tilgjengelig på norsk, og handlingen folder seg ut som vifte; storslått, spennende og mangfoldig. (...) Ferrantes språk slynger seg gjennom dagligliv og trivialiteter, det formidler et rikt og nyansert følelsesregister og er fullt av lidenskap, sorg, lykke og kjærlighet.”
Liv Riiser, Vårt Land
"Elena Ferrante held stilen i si tredje Napoli-bok, ei glitrande, glødande, genial historie om vennskap, ekteskap, kvinne- og klassekamp på 1960- og 70-talet."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
”Jeg er takknemlig for den samhørigheten jeg føler i lesningen av disse bøkene. Bare svært sjelden leser man en litteratur som fanger enkeltmenneskets liv i samfunnet, i historien, så troverdig som her.”
Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen
"Nå er den tredje boken i Napoli-kvartetten ute på norsk, igjen usedvanlig godt oversatt av Kristin Sørsdal. (...) Lidenskap og politisk uro preger det tredje bindet i Napoli-kvartetten. Elena Ferrante beholder grepet om leserne."
Anne Cathrine Straume, NRK
"I tredje bind av Elena Ferrantes bokserie skjerpes spenningen og det klartenkte identitetstemaet så det er mer fristende enn noen gang å laste ned slutten på engelsk."
Susanne Hedemann Hiorth, Dagens Næringsliv
”Ein kjenner trongen til å få vita framhaldet med ein gong.”
Gudmund Skjeldal, Morgenbladet
Bla-i-boka
Elena Ferrante
Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO