Dei som flyktar og dei som blir: mellomår: roman

Elena Ferrante |
Innbunden | Sidetal: 500 | ISBN: 9788252188790

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring

I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner.

Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, medan Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har.

Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre.

Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også
forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.

Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.

Meldingar

Elena Ferrante

Du likar kanskje desse

Sist sett på