Av og til blir ikkje dagane heilt som ein har tenkt seg. Slik er det i alle fall for vaktmeister Børre Rydding, vesle Anton, Fyrstinna, gamlefrøknene Pomp og Prakt, for ikkje å snakke om Knut Rask. Dei trur vel alle, bortsett frå Knut, at desse siste dagane før jul skal tusle skeivt bortetter som dei plar gjere. Men det gjer dei altså ikkje.
Eivor Vindenes debuterer med ei humoristisk og herleg forteljing for mellomtrinnet. Alt kan reparerast _x0096_ ei slags julehistorie handlar om nokre usedvanlege, fargerike personar som etter beste evne prøver å leve ved sida av kvarandre i bygarden der dei bur. Dette er ei bok som treffer både barn og vaksne i humor og innhald.
For Alt kan reparerast _x0096_ ei slags julehistorie blei Vindenes tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris for 2010.
Meldingar
"Omtrent som om Stoltenbergs beboere i Tertitten borettslag skulle feiret jul med Pompel og Pilt."
Mette Moe, barnebokkritikk.no
"[...] en finurlig liten skatt [...] Språket er lunt, lekent og med masse humor"
Synnøve Vindheim Svardal, Barn i byen
"Eivor Vindenes skriv lett og ledig, med leikande språk og humor. Dei fengjande, ordtakliknande overskriftene over kvart kapittel er eit kapittel for seg."
Anne Liv Haukanes, Os og Fusaposten
Eivor Vindenes
(f. 1971) debuterte i 2009 med barneboka Alt kan reparerast, ei bok ho fekk Guro Sandsdalens litteraturpris for. Vindenes er tidlegare teikneserieredaktør, er med i musikkollektivet bak plateselskapet Perfect Pop Records og har gått på forfattarstudiet til Norsk Barnebokinstitutt. Ho voks opp på Skarnes i Hedmark og er no busett på Kampen i Oslo.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO