Last ned omslag

Bla-i-boka

Sykling i søvne, eller Dårens trompet

Einar Økland

Dikt som treffer både kropp og tanke

Den nye diktsamlinga til Einar Økland kjem or den dyrebare natta og søvnen, men slentrar også rundt i sola eller lener seg på årane og ser ned mot botnen der livet glir vidare. Når vi dykkar ned i dikta, treffer dei både kropp og tanke med rare trykk.

Boka er tredelt og inneheld «Idyllar» (utan å alltid vere like idyllisk), «Erindringar» (som like gjerne kan vere frampeik) og «Formidlingar» (som balanserer sosialt mellom visdom og dårskap). Denne samlinga om livets geografiar, retningar og nedslag snakkar ikkje berre om livet, men også om korleis ein kan snakke om det – når ein sjonglerer med det alvorlege, det humoristiske, det absurde, det attkjennelege og det overraskande.

Frå Bokmeldingar

"Man blir rett og slett i godt humør av å lese Einar Økland."
Henning Howlid Wærp, Aftenposten

"Hvor underlig kan en diktsamling bli? Over femti år og nærmere åtti bøker etter Øklands debut er få grenser tilbake. Likevel synes denne boka å bryte nye. Rare, barnlige dikt om sola og månen, i en bok der tegning og skravering utfyller bildet av en sentral poets verk – og dermed bildet av hva norsk poesi kan være."
Tom Egil Hverven, Klassekampen



Meir frå Einar Økland