Forskingsmetode, etikk og statistikk

Edvard Befring

Dette er ei grunnleggjande bok om forsking og forskingsmetode, skriven for studentar innanfor pedagogikk og spesialpedagogikk, samfunnsvitskap og helse- og sosialfag. Boka handlar om både vitskapsteori, etiske perspektiv og statistikk, slik at ho dekkjer alle hovudområde av metodelæra.

Forfattaren legg vekt på at forsking er ein kreativ prosess, og viser vegen frå første idé og problemformulering til presentasjon av rapporten. Samstundes skisserer han kvalitetskrav som må stillast, etiske og metodiske, og viser korleis forsking er knytt til samfunnsforhold og verdispørsmål. Boka tek for seg forsking i skjeringsfeltet mellom natur- og humanvitskap, men hovudvekta er lagd på empirisk-kvantitativ metode. I statistikkdelen blir dei viktigaste prinsippa for statistiske mål og samanhengar gjennomgådde, og heile tida blir det vist til konkrete eksempel.


ISBN: 9788252159424

Kategoriar: Edvard Befring

Emneknagg: 2002, Hefta,

Sjanger: Unknown Type


Meir frå Edvard Befring