Sy & sy om: redesign gamle plagg og tekstilar
Dei beste plagga er dei med ei historie, og den historia kan du fortelje ved å sy dine eigne klede. Sy-entusiast Christine Schwarz er oppteken av miljø og av å sjå moglegheiter i plagg og tekstilar du alt har kjøpt og belasta naturen med. For det er ikkje alltid så mykje som skal til før eit utdatert plagg endrar uttrykk og blir moderne, eller at plagget som aldri passa, plutseleg sit som det skal.
Den gamle skinnjakka kan jo bli ei lekker veske - og den slaskete strikkegenseren kan få endå eit liv som jakke. Eller kva med eit flunkande nytt skjørt eller ein kimono? I «Sy & sy om» lærer du både å redesigne klede og å sy heilt nye plagg etter eigne kroppsmål. I tillegg får du oppskrifter på praktisk tilbehøyr som pc-mappe, panneband og sekk. Fleire av oppskriftene eignar seg godt for haust- og vinterklede, men kan også syast med lettare tekstilar. Framgangsmåten er godt forklart med illustrasjonar og bilete. Ei perfekt bok for deg som kan sy litt frå før - og som no ønskjer endå fleire verktøy for å kunne leike deg kreativt med saum og omsaum.
Christine Fure Schwarz
første syboka hennar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO