Innanfor margane: om gleda ved å lese og skrive

Elena Ferrante |
Innbunden | Sidetal: 101 | ISBN: 9788234007880

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
Refleksjonar om skriving.

Elena Ferrante er ein av dei mest lesne og kritikarroste forfattarane på 2000-talet. I den nye essaysamlinga si fortel ho meir om kva som ligg bak skrivinga av Napoli-kvartetten og «Dei vaksnes løgnaktige liv», dei ulike tekstlaga i romanane og korleis dei inneber eit skifte frå den tidlege forfattarskapen hennar - eit skifte som handlar om å skrive for andre sitt blikk, noko som ikkje minst gjeld for dei skrivande karakterane hennar. Ho skriv om korleis ho utforskar moglegheitene i romanforma - alltid innanfor margane - og ho skriv om Dante og Beatrice og om bøkene til kanoniske forfattarar som Virginia Woolf, Ingeborg Bachmann, Samuel Beckett og Gertrude Stein, og gir lesaren lyst til å lese. Med «Innanfor margane» stadfestar Ferrante posisjonen sin som ein reflektert og litterær tenkar.

Til norsk ved Kristin Sørsdal.

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Elena Ferrante

Du likar kanskje desse

Sist sett på