Team Tuva: roman
Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra, ut i samfunnet igjen?
«Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.
Sitat frå melding
["«Marit Eikemo briljerer igjen
og tar oss på kornet» - Mette Bleken
Hardanger Folkeblad "
"«kriblande tankestoff» - Eivind Myklebust
Klassekampen "
"«Snerten underholdning!» - Gabriel Moro
VG "
"«Eikemo byr på treffsikre observasjonar. Ho kombinerer det fåfengde og latterlege med ei overberande haldning.» - Marta Norheim
NRK "
"«Overbevisende og innsiktsfullt om fellesskap og hva den enkelte kan bety for andre [...] Eikemo er kjent for å ta temperaturen på samtiden. Så også i denne romanen
som overbeviser med sin betoning av fellesskapet og den enkeltes betydning for andre
men som kanskje fremfor alt utmerker seg med skarpe psykologiske innsikter og en smittende omsorg og sympati for personene som skildres.» - Sigmund Jensen
Stavanger Aftenblad "
"«Marit Eikemo tar originale grep i ein roman om vår krevjande og forvirrande tid [...] På eit liketil og sympatisk vis tematiserer Team Tuva den gamle sanninga om at kvar gong du står overfor ein annan
held du for ei kort stund lagnaden til det andre mennesket i handa di. [...] Ved å følgje Tuva og teamet hennar nokre timar kan ein på lettlese vis bli litt klokare på korleis vi lever livet vårt akkurat no.» - Hilde Vesaas
Dag og Tid "]
Bla-i-boka
Marit Eikemo
Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør, leiar for Cornerteatret i Bergen og er i dag programsjef for Norsk Litteraturfestival.
Eikemo debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Eikemo har til saman gitt ut seks romanar, den seinaste er Team Tuva (2021). Ho har også skrive essayboka Samtidsruinar.
Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.
Fleire foto av Marit Eikemo:
Fotograf: Agnete Brun
Litterære prisar
SAMLAGSPRISEN 2019
AMALIE SKRAM-PRISEN 2017
Går til ein kvinneleg skjønnlitterær forfattar som skriv i Skrams and.
SPAREBANKEN VEST SITT KUNSTNARSTIPEND
Sparebanken Vest sitt kunstnarstipend for 2008.
ODDA MÅLLAG SIN MÅLLAGSPRIS
For Her, no. Møte med unge menneske.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO