«Hald inn rumpa når du går, ropar farmor, sjå på meg! Mi rumpe er flat og fin, ser du? Eg går og held inn rumpa heile tida, og det skal du og gjere!»
Dagne vil at farmora skal like henne, men det er lettare å springe ifrå Marken-brørne, enn det er å gjette kva farmora tenker. Tida står stille i kafeteriaen der Åsta jobbar. Ho hatar gjestane og vil reise ifrå alt. Fred drøymer om å bli rik. Han håpar framleis på å møte igjen faren som vart borte då han berre var elleve.
Frå tre forskjellige generasjonar får vi høyre forteljinga om foreldre, barn og barnebarn, og om korleis fattigdom og vald pregar liva deira, og den dei er. Dei klarar ikkje å snakke med kvarandre - men kanskje kan dei møtast likevel, på tvers av tid og rom?
I romanen Flog stiller Dordi Strøm spørsmål om kva det er som forbinder foreldre og barn. Er det gjeve at ei mor skal elske sin eigen son? Og kan ei dotter nokon gong slutte å drøyme om å bli elska av far sin?
Dordi Strøm (f. 1971) er frilans scenograf, kostymedesignar og forfattar. Ho er oppvaksen i Trøndelag og bur i dag i Oslo. "Flog" er hennar første bok.
Meldingar
««Jeg håper debutanten Dordi Strøm fortsetter å skrive, og at det ikke går 50 år til neste bok, for hun ordformer så vidunderlig veldreide setninger, knappe i stilen. Hun bruker ei linje eller to der andre ville pjattet i vei i sidevis.»» - Steinar Brandslet, Stavanger Aftenblad
««Fin debut [...] De til dels rystende hendelsene som har formet livet til personene, legges fram med nøytral stemme som ikke feller dom over dem, og det er fint utført. På den måten løftes blikket til leseren slik at man ser handlingene i et større bilde, og ikke som noe som er helt og fullt karakterenes ansvar»» - Maria Årolilja Rø, Adresseavisen
«Beinhard sosialrealisme i kunstnarisk form [...] ein godt over gjennomsnittet moden debut.» - Maria Horvei, Klassekampen
«.Flog. er ein uvanleg sterk romandebut om korleis vald går i arv [...] Skam, einsemd og ein vaklande evne til å snakke om kjensler sildrar ut av boksidene i denne romanen, som er intens og originalt komponert.» - Anne Cathrine Straume, NRK
Bla-i-boka
Dordi Strøm
Dordi Strøm (f. 1971) er oppvaksen i Trøndelag og bur no i Oslo. Ho er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Flog er den første boka hennar.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO