Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom, og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar. Tekstane er både nådelause, stillferdige og vakre og inviterer lesaren til å tenkje over sitt eige liv. Ved at dei så ope snakkar om døden, trer glede, sorg og styrke tydelegare fram.
Dei tidlegaste tekstane og bileta i Det står til liv blei først publiserte på Instagram, og det personlege blikket i bileta og dei sterke tekstane har allereie gripe mange lesarar. Til denne boka har Økland omarbeidd og utvida materialet.
Meldingar
Det står til liv er en klok bok. Og den er rørende.
Truls Horvei, Haugesunds Avis
Siri Økland skriver poetisk og innsiktsfylt om alvorlig sykdom.
Kjetil Røed, Aftenposten
Hun makter å åpne opp et rom for ettertanke og invitere andre inn uten at det blir sentimentalt eller privat. Tvert imot. Som stor diktning beriker det oss. ... Det er ordkunst i denne samlingen...
Anne Schäffer, Tara
Mellom korttekstene holder vi med skrekk døden i hånda, for vi skal alle dø og kreft og andre sykdommer korter mange liv drastisk ned. Men, det er et men; dette noe som holder håpet oppe mens noen slåss for livet. Vi kan videre konstatere at så lenge det er liv er det håp og Siri gjorde livet mitt litt rikere.
Helene Larsen, Aspergerinformator
Desse tekstane er stundom små prosadikt, andre gonger heilt konkrete bulletinar, og bileta står tidt for seg sjølve, eller dei har eitkvart ved seg som kommenterer det orda seier, men dei gjer det på eit anna språk, og såleis vert boka endå rikare. ... Siri Økland skriv godt, men viktigare er det at ho tenkjer godt. I denne boka er ho heile tida til stades i det røynlege, her finst ikkje spekulasjon eller tåkeprat...
Odd W. Surén, Dag og Tid
Bla-i-boka
Siri Økland
Siri Økland (f. 1967) er tidlegare journalist og utdanna litteraturvitar. Ho er frå Stord og bur i Bergen. Økland debuterte med kortprosasamlinga Det står til liv i 2017. Den tid, den song er hennar andre bok.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO