Jakob seier alltid JA til alt, og Neikob seier alltid NEI. Men tjuven som har rømt frå fengselet bryr seg verken om JA eller NEI. Når Jakob og Neikob tar opp jakta på tjuven blir dei lurte begge to, og Jakob må sitje i fengsel for første gong. Heldigvis går det bra til slutt denne gongen også, og Jakob lærer at av og til må ein seie NEI. Ei visuelt spennande og humoristisk bildebok for nye og gamle Jakob og Neikob-venner.
Meldingar
”Kari Stais serie om surpompen Neikob og optimisten Jakob er blant våre beste bildebøker.”
Maya Troberg Djuve, Dagbladet
"Kort, klar og elegant tredjebok. (…) Historiene er enkle, underfundige og humoristiske og eignar seg svært godt som høgtlesing"
Ingeborg Mjør, Dag og tid
"Kari Stais Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake var utvilsomt en av de formmessig mest perfeksjonerte utgivelsene på norsk i 2012, uansett sjanger. Når oppfølgeren, Jakob og Neikob og det tomme rommet, nå er ute, er det bare å glede seg til igjen å nyte Stais utsøkte samspill mellom tekst og bilde, der hvert ord, hver geometriske linje, spiller sammen. (…) En bok om vennskap og forsoning fra en av våre formalt sterkeste forfattere av bøker for lesere i alle aldre."
, Morgenbladet
"Også i den tredje boken blir små barn introdusert for eksistensielle dilemmaer på en humoristisk måte. (…) Det er en god bok, inviterende og gjenkjennelig, men her er også små overraskelser og detaljer å fordype seg i både for barn og voksne"
Anne Cathrine Straume, NRK
"Denne boken er perfekt for høytlesning både for barn på fanget, og for store grupper hvor boken må holdes opp."
Tine Sundal, Bokbloggar
"Då eg las at Kari Stai hadde skrive ei ny bok i denne serien, vart eg like begeistra som barnehagebarna vart då eg eit par veker seinare viste dei sjølve boka. Det var som eg faktisk hadde med ei vaskekte rockestjerne inn i samlingsstunda. Entusiasmen for desse karane vil ingen ende ta."
Lena Ramberg, Bokmerker.org
Bla-i-boka
Kari Stai
Kari Stai(f. 1974) er forfattar og illustratør. Ho har vunne ei rekke prisar, som Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris. Aller mest kjend er Stai for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater. I 2021 kom ho også med sin første illustrerte roman for barn, Passe happy, som vann Kulturdepartementets illustrasjonspris. I 2022 kom Jakob og Neikob og tidsmaskinen, den aller siste boka om det kjende radarparet.
"Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake" er kåra som beste bok i sin kategori
Brageprisen 2012
"Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake"
Kritikerprisen 2013
for beste barne- og ungdomsbok, ”Jakob og Neikob - Tjuven slår tilbake”.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO