Førstemamma på Mars er forteljinga om ei lita jente som nektar å innsjå at mora er på sjukehus. I fantasien lagar ho mange mulege versjonar av kvar mor har tatt vegen. Kanskje er ho på handletur? På røvarjakt? Eller rett og slett på Mars?
Førstemamma på Mars er i tekst og bilete ei eksplosiv og sår forteljing om sjukdom i den næraste familien.
Meldingar
"Noen bildebøker er så selvsagte, så avklarte i formen, at man ikke spør seg om de kunne vært gjort annerledes".
Mette Hofsødegård, Aftenposten
”Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møklebys tredje bildebok er blitt en fascinerende og foruroligende fortelling. Av både barn og voksen krever den innlevelse i og utforskning av et vanskelig og eventuelt konfliktfullt følelsesfelt. Med sin doble adresse har den har mye å gi begge parter i høytlesningssituasjonen.”
Inger Østenstad, barnebokkritikk.no
”I «Førstemamma på mars» {…] får ein verkeleg oppleve kva for kjensledjup eit dristig samspel mellom ord og bilete kan ta oss med på. Så intenst, så nært og likevel med så mykje rom for kvar einskild til å oppleve forteljinga akkurat på sin måte. Råsterkt!”
Guri Fjellberg, Bergens Tidende
"Boka er fascinerande fordi ho ligg ein stad mellom den morosame leiken og fantasien på den eine sida og sorga og saknet på den andre." "Ho opnar for brei tolking, sansing og oppleving."
Per Ivar Henriksbø, GD
Bla-i-boka
Gyrid Axe Øvsteng
(f. 1974) er forfattar og dramatikar frå Vågå. Ho debuterte skjønnlitterært med biletboka Finn! i 2009. Øvsteng har utdanning innan teatervitskap og litteraturvitskap. Ho var dessutan elev ved pilotprosjektet for dramatikarar på KHIO i 2001–2003. Øvsteng debuterte som dramatikar med Køyr på Norsk Dramatikkfestival i 2000. Øvsteng er busett i Skien.
Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur, Bildebokprisen
For Førstemamma på mars
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO