Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg. Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 til 13 år.
Meldingar
Anne Viken gir den konvensjonsstyrte hesteboksjangeren eit friskt spark bak.
Ingeborg Mjør, Dag og Tid
I tillegg til å vere utruleg spennande er boka også lærerik. Om du er glad i dyr og kanskje går med ein liten veterinær i magen, så er dette den perfekte boka. Likar du spenning og ei fartsfylt forteljing, så kan du også hive deg over denne, og sjølvsagt om du er glad i hest …
Nana Riise-Lynum, Norsk Barneblad
Å lage spenning er ein krevjande sport som Viken kjem vel ifrå. Eg trur at boka vil fenge målgruppa, og eg innrømmer villig at eg let meg rive med i den spennande slutten.
Hans Jakob Reite, NRK Sogn og fjordane
Anne Viken
(f. 1979) er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Ho debuterte i 2012 med den første boka i den spennande serien om Elise, Elise og mysteriet med dei døde hestane.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO