Venninnene Linn og Unni er nye i klassen og bestemmer seg derfor for å halde saman. Dei møter gutar, som verkar både interessante og interesserte, og dei går og ventar på at gutane skal ta kontakt på ny. Linn bur saman med fosterforeldre. Unni bur åleine med mor si. Mora har fått seg ny kjærast, men Unni synest at han er ekkel og blir ute av seg då ho får høyre at han skal tilbringe jula hos dei. Ho stoler ikkje på han. Det skal vise seg at ho har rett i mistankane sine. Ungdomskomet. 13+