Polititjuven
Kjell er fødd inn i ein tjuvefamilie, men er ikkje tjuv lenger. Det er ingen i verda Kjell likar så godt som Pølse-Per og det er ingenting i verda Pølse-Per likar så godt som pølser. Men rett før skulen skal på overnattingstur i skogen, flyttar det ein politifamilie til byen. Politijenta Perit skal bli med på klasseturen. Og for Kjell endrar alt seg når Perit blir ein polititjuv: Ho stel bestevennen Pølse-Per.
I «Polititjuven» møter vi att Kjell som vi blei kjend med i «Pølsetjuven» frå 2019. Pølsetjuven vann Kulturdepartementets bildebokpris 2019 og Nynorsk barnelitteraturpris. Boka er blitt omsett til fleire språk og satt opp som teater på Den Nationale Scene i Bergen.
Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har illustrert fleire bøker for barn og unge.
Om Pølsetjuven (2019):
«(...) fullständigt originell gatukorsning mellan socialrealism, visuell skrattfest och gammal hederlig rövarhistoria (...) varje omläsning bjuder på nya dealjer att peka på och grunna kring.»
Martina Montelius, Expressen
«God nok til å bli en av årets beste barnebøker.»
Egon Låstad, Periskop.no
Sitat frå melding
["«Gode bildebøker er de som makter å gå opp i en høyere enhet
med bilder og tekst som gjensidig beriker og belyser hverandre. Marianne Gretteberg Engedals Polititjuven er en slik bok
hvor summen av detaljene utgjør mer enn selve fortellingen. Det som gjør bokserien om eks-tyven Kjell ekstra spesiell er likevel forfatterens underliggende prosjekt. Engedal leker med leserens forutinntattheter og fordommer . for deretter å motbevise dem» - Egon Låstad
Barnebokkritikk "
"«Med Polititjuven tek Marianne Gretteberg Engedal fast grep om den ferske plassen sin i elitedivisjonen blant norske barnebokforfattarar. I ein frimodig miks av sjangrar finst både noko nytt og noko nostalgisk
noko tidlaust og noko topp moderne i denne kort sagt nydelege biletboka.» - Janne Karin Støylen
Bergens Tidende "
"«en drøm av en oppfølger. [...] Kjell er tjuv. Hele familien hans er tyver
men han sliter med samvittigheten og ønsker å gjøre noe annet i livet. Det var situasjonen i «Pølsetjuven»
Marianne Gretteberg Engedals solide debut. Oppfølgeren «Polititjuven» er faktisk enda bedre. Her oppdager også Kjell at hans fortid og familiebakgrunn ikke er så lett å riste av seg. Det oser kvalitet av boka.» - Karin Haugen
Klassekampen "]
Bla-i-boka
Marianne Gretteberg Engedal
Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Pølsetjuven er den første boka hennar.
Litterære prisar
Kulturdepartementets bildebokpris 2019
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO