I Ned i skjul møter vi Agnes, ein ganske vanleg, dritkåt 16-åring. Det meste ho gjer, er styrt av tanken på éin ting, nemleg puling. Ho ser på porno og rotar med gutar, og til jul får ho ein dildo og ein vibrator av søstera.
Alle kjensler er i spel i denne boka. Agnes blir forelska, drit seg ut på fylla, kjem til skolen måndagen etter og ser at nokon har skrive «Agnes er ei hore» på do-døra. Agnes prøver å balansere mellom å vera villig og å halde att. Korfor kan ein ikkje både vilja ligge og ha ei hand å halde i?
Ned i skjul er ei rå, ærleg og viktig historie om sex, skam og kjensler. Det er ei bok om porno, og om kva forventningar til sex som blir stilt til både gutar og jenter.
Sitat frå melding
«Guåker skriv humoristisk om alt trøbbelet du kan kome opp i om du er kåt og uerfaren ... Guåker har skrive fem ungdomsromanar allereie, og ho er ein uredd vaksen som kan skrive om det som er vanskeleg med skråblikk og klokskap ... [B]urde vært pensum.» - Petra J. Helgesen, Klassekampen