Visste du at ein tilset kalvemage i mjølka når ein lagar ost, og at sukker har blitt brukt som både pengar og medisin? Eller kor mykje honning ein får frå 30 000 bier? Klara er på sommarferie hos besteforeldra som driv gard, og får hjelpe til i gardsbutikken. Men det er lite kundar, og Klara meiner dei må utvide vareutvalet. Saman med bestemor oppsøker ho både eit ysteri og ein sjokoladeekspert, og undervegs lærer Klara mykje rart om mat. Det kjem til nytte når ho skal skaffe kundar til butikken! Bøkene om Klara formidlar spennande kunnskap om ting som omgir barn i kvardagen. Dei er illustrerte av Ella Okstad, og eignar seg både for høgtlesing og å lese sjølv.
Meldingar
"Det merkes at forfatteren har tatt utgangspunkt i barns perspektiv og nysgjerrighet. Hun har fortalt i et intervju at boken er laget for barn og foreldre som tar seg tid til å lese sammen. Dette er nemlig kunnskap som både barn og voksne vil ha stor glede av. "Klara kan mykje rart om mat" er en engasjerende bok, og de ulike karakterene vi møter i historien er troverdige. Den er også flott illustrert av Ella Okstad. Jeg fikk stor sans for både konseptet og historien om Klara, og vil derfor anbefale denne flotte boken til alle barnefamilier"
Beate Ellingsen, Heart Art, Blogg
"Klara kan mykje rart om mat er ei engasjerande forteljing som også lukkast intellektuelt, på den måten at ho stimulerer til nyfikne kring kva mat er for noko, korleis han blir produsert, og korleis han kan seljast. (…)Klara kan mykje rart om mat er andre boka i serien om Klara, og er flott illustrert av Ella Okstad."
"Denne boka vil gje grobotn til mange samtalar om mat og matvanar med borna. Dette er kunnskap både ungar og vaksne vil ha glede av. Ja, kanskje er det overraskande fakta i boka også for dei vaksne som les høgt for borna?"
Judith Sørhus Litlehamar, Pirion.no
Bla-i-boka
Teresa Grøtan
(f. 1974) er journalist og har tidlegare m.a. gitt ut Globaliseringsboka. Ho er frå Stokmarknes i Vesterålen og bur i Bergen. I 2010 fekk ho diplom for beste utanriksreportasje frå International Reporter (IR) for Gjelda etter Yunus, som blei trykt i Dagbladet Magasinet og som også utgjorde eit av kapitla i Globaliseringsboka. Grøtan har også skrive biografi om Nelson Mandela for ungdom, og ho var redaktør for Syn og Segn i 2004–05. Den første boka om Klara, Klara kan mykje rart om klede, har også kome ut i Danmark! Grøtan vart tildelt Blixprisen 2013.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO