Last ned omslag

Bla-i-boka

Hauk

Sivert N. Nesbø | Susanna Kajermo

Å vakne opp åleine

Hauk vaknar opp åleine i ei stor seng. Før sov pappa òg i senga, men no er han borte. Kva har skjedd med pappa? Kor er han? Og når kjem han tilbake?

Hauk handlar om sakn og lengsel. Om å ikkje forstå kvifor vaksne ikkje alltid kan vere der. Om å vere liten og prøve å finne ut korleis verda heng saman.

Frå Bokmeldingar

Det finst ein særmerkt musikalitet i tekstane til Sivert Nesbø, I rytme og tone gjev setningane rom for det uhandgripelege ved situasjonen, slik Hauk opplever den. Sjølv om scenene skildrar konkrete gjeremål besteforeldra set i sving til trøyst, gjev framstillinga ei gripande kjensle av kor tungt uvissa kviler på dei små skuldrene. Susanna Kajermos usedvanleg vakre blyantteikningar utdjupar denne kjensla. Alt frå sparsam, men effektfull fargebruk, til utsnitt, detaljar, perspektiv og portrett har noko nytt, men også nostalgisk ved seg. Alt verkar å vere skapt i medkjensle med Hauk: det trygge fanget til bestemor, den mjuke handa til storesøster. Hauk er ei gripande barndomsskildring som bør lesast slik ho er skriven, med omtanke. Janne Karin Støylen, Dag og Tid



Meir frå Sivert N. Nesbø