Verdas ende
Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Ein dag får han eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det må han legge ut på ei lang reise. I denne siste delen av soga kjem Floke og venene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Der møter dei mellom andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender, men korleis skal ein godlynt liten sprett hindre den store undergangen?
I «Floke 3. Verdas ende» avsluttar teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl den elleville og fantastiske forteljinga om Floke Skrufson. Som i dei to føregåande bøkene leikar ho seg med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Bok 3 byr på absurde situasjonar, humoristiske karakterar og ei overraskande vending mot slutten.
Sitat frå melding
["«Men det stilistiske står alltid igjen hos Ida Neverdahl
når alt anna er vurdert. Med eit kunstarisk uttrykk som ikkje lar seg imitere . den lett surrealistiske leireaktige skjønnheita hos både figurar og omgjevnader
understøtta av genuint uventa og ofte bisarre narrative innfall . har Ida for alltid satt sitt merke på norrøn mytologitolking.» - Trond Sätre
Serienett "
"«I «Floke 3: Verdas ende» truer verden og de norrøne gudenes undergang i form av Ragnarok
men Floke er fast i sin tro på at utfordringen fra krigerske jotner og forræderske guder kan møtes med annet enn vold og straff. For eksempel er det kanskje en idé å spørre guden Loke om hvorfor han vil ødelegge verden. Hva er det egentlig som plager ham? Eventyret om Floke passer nok best for yngre lesere
men Neverdahls fortellerglede og psykedeliske innfall gjør dette også givende for voksne.» - Øyvind Holen
Dagens Næringsliv "]
Ida Eva Neverdahl
(f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, og dessutan dei to første bøkene i serien om Floke.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO