InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ein bror i verdsrommet: roman

9–12 år
«Treffer blink i skildringen av halvstore barns fantasiverden»
— Adresseavisen
Undrande og spennande om kor små vi er i den store samanhengen. Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen? Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet. Ein bror i verdsrommet krinsar rundt store spørsmål om livet, dauden, og kva som finst der ute i universet - og om det å vere ein litt utypisk superhelt. Rune Hjemås (1982) er frå Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og har ei rekke utgivingar bak seg. Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Ein bror i verdsrommet er hans første barnebok
349,00 kr
Sider
150
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003950
Rune F. Hjemås
Om forfattaren

Rune F. Hjemås

Rune F. Hjemås (f. 1982) er frå Heimdal utanfor Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og gav året etter ut novellesamlinga Indianarar. Debutboka fekk gode meldingar, og oppfølgjaren Indianarar, som kom i 2009, blei kåra til ei av årets beste bøker av Klassekampen og hamna som nr. 4 på Adresseavisens liste over beste skjønnlitterære bøker i 2009. I 2021 kom den første barneboka hans, Ein bror i verdsrommet. Hjemås har saman med Mathias R. Samuelsen vore redaktør for Ny amerikansk poesi frå 2018. I 2024 kjem band nummer to.

Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Han har sidan 2001 delteke i fleire antologiar, og skriv jamleg for ulike tidsskrift, aviser og bloggar. Han fekk i 2018 Trondheim kommunes bykunstnarstipend og bur for tida i Adrianstua.