Eg blir her: roman

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen |
Innbunden | Sidetal: 155 | ISBN: 9788234007941

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Ungdomsroman om forelsking, forviklingar og ein litt annleis pappa.

Oda er 16 år og bur saman med faren og besteforeldra sine i ei lita bygd på Vestlandet. Ho gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren og til å vise han den vakre naturen på heimplassen sin. Men når Daniel kjem til bygda, blir sommaren ganske annleis enn ho først hadde tenkt seg. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? Og kvifor masar han om at ho må flytte frå bygda?

Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Kan han ikkje vere meir til stades for ho i staden for å leve i fortida?

Vi følger Oda gjennom nokre dramatiske dagar der ho strevar med å akseptere faren si rolle som bygdeoriginal, samtidig som ho prøver å finne ut av kjenslene sine for kjærasten Sondre og Daniel.

Terningkast 5! «ei velskriven hyllest til Vestlandet [...] Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå.» - Janicke Totland, Framtida

Sitat frå melding

Bla-i-boka

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Du likar kanskje desse

Sist sett på