Barnas store eventyrbok

Svend Otto S. (Ill.) | Innbunden | Sidetal: 214 | ISBN: 9788252187533

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price399 kr
I Barnas store eventyrbok finn du åtte av våre mest kjente og skatta eventyr.

Her er kloke dyr, dumme troll, handlekraftige gutar og modige jenter, klar til å bergta nye generasjonar eventyrlesarar. Samlinga inneheld eventyra om dei tre Bukke Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen, Tornerose og Bymusikantane frå Bremen.

Eventyra er henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og brødrene Grimm. Det er forfattaren Maria Parr som har omsett og modernisert språket i eventyra slik at dei passar for unge lesarar i dag.

Eventyra er illustrert med dei klassiske og kjente illustrasjonane til Svend Otto S., akkurat dei same illustrasjonane som dagens foreldre-generasjon kan hugse igjen frå åttitalets Bokklubbutgåve av eventyrskatten.

Perfekt høgtlesingsbok for alle mellom 3-10 år.

Bla-i-boka

Du likar kanskje desse

Sist sett på