Do: ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

Pia Strømstad |
Flu Hartberg (Ill.) | Innbunden | Sidetal: 52 | ISBN: 9788252193893

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr

Ei morosam faktabok om doen gjennom historia og i framtida. Mor di gjer det, far din gjer det, kongen, dronninga og presidenten i USA gjer det. Kva då? Går på do, vel! Gjennom alle tider og i alle situasjonar har folk måtta gå på do. Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg når du må bæsje på ein u-båt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Alt dette og mykje meir får du svar på i denne boka. Do er eit djupdykk ned i doens historie, ikkje berre i Noreg, men i heile verda. Og framover i tid også, for kvar skal vi eigentleg gjere av all bæsjen i framtida? Boka er humoristisk illustrert av Flu Hartberg.

Meldingar

Bla-i-boka

Pia Strømstad

Du likar kanskje desse

Sist sett på