Syn og segn. Hefte 4-2021: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Astrid Sverresdotter Dypvik |
Hefta | Sidetal: 98 | ISBN: 9788234006425

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price129 kr
Syn og Segn med temanummer om Gud.

Syn og Segn nummer 4 for 2021 er ute, og denne gongen handlar det om Gud.

I år er det hundre år sidan den første bibelomsetjinga i nynorsk språkdrakt, den såkalla "Fyrebilsbiblelen", var ferdig. Anders Aschim, som er professor i religion og etikk ved Høgskulen i Volda, skildrar i sin artikkel eit dugnadsarbeid heilt utanom det vanlege. Jan Inge Sørbø skriv om kvifor anarkistar og fritenkjarar som Arne Garborg og Olaus Fjørtoft var så opptatt av å få bibelen på nynorsk, Fjørtofts kronargument var faktisk at ungane sjølv skulle kunne sjekke at prestane ikkje dreiv med vranglære. Sørbø sirklar også inn det nynorske språket sitt evige dilemma; det må vere fint, men ikkje for fint.

Skodespelaren Svein Tindberg, mannen bak teateroppsetjingar som Abrahams barn og Markusvangeliet, er i haust aktuell med oppsetjinga "Gudspartikkelen". I eit intervju i Syn og Segn fortel han at han lenge såg det som idiotisk å tru på noko ein ikkje kan bevise. Men no har han endra mening og reknar seg som eit truande menneske. Forfattar Mette Karlsvik intervjua Simon James Eide frå Extinction Rebellion i Noreg om kvifor han slutta i lærarjobben på Voksen skole for å bli klimaaktivist på heiltid. Marianne Dolpen, som fram til i haust var sauebonde i Rennebu i Trøndelag, fortel i artikkelen Den siste bonden på Tysksæter om kvifor ho blir den siste i sin familie som driv gard.

Elles bidrar Anne Kalvig, professor ved universitetet i Stavanger med artikkel om Gud og den nyåndelege rørsla. Laura Djupvik byr på smakebitar frå ein serie dikt som har fått tittelen "Strikkehistorier". Dramatikaren Ellisiv Lindkvist skriv om korleis forfattaren Sissel Solbjørg Bjugn har påverka hennar eigen forfattarskap. Kritikaren Eivind Myklebust skriv om den litterære klassikaren "En landsbyprests dagbok" av Georges Bernanos. Mona Huang har laga ein teikneserie. Ketil Zachariassen, som er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø, har skrive ein

Astrid Sverresdotter Dypvik

Du likar kanskje desse

Sist sett på