Billie og Franck er to utskot. Ho frå fattige og brutale kår, han er ein homofil rikmannsgut. På underleg vis finn deisaman. På ein fjelltur dett dei utfor ein skrent. Medan Billie strevar med å halde liv i Franck gjennom natta, fortel ho historia deira, frekk, humoristisk og rørande - akkurat slik vi likar Gavalda best.
Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine.
Frå fransk ved Tove Bakke.
Meldingar
"Som en pose drops (…) De små vendepunktene, kunsten å suge på en sjelden karamell en stund til, det ekte vennskapet. Varmt, morsomt og veldig godt oversatt fra fransk. Anbefales!"
Elsebeth Danielsen, Kamille
"(…) Anna Gavalda er framleis ein underhaldningsforfattar som skriv med innleving og dramatisk trøkk om kjærleik og lengt, denne gongen i ei tilsikta rampete språkdrakt som skil Billie både frå dei tidlegare bøkene hennes og bestseljarromanar av vanleg merke.Det røffe, uortodokse, ungdomelege slangspråket til den franske forfattarinna kjem fint fram i Tove Bakkes sprelske, nynorske omsetjing."
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad
"Anna Gavalda har greid det igjen. I Billie er hun tilbake til sånn som vi kjente henne fra Saman er ein mindre aleine. Dette er en skjønn liten roman som kroket seg godt fast, dypt inne i hjertet mitt."
Tine Sundal, Bokbloggar
"Anna Gavaldas «Billie» er feelgood-lesing på høgt nivå."
May Grethe Lerum, VG
Bla-i-boka
Anna Gavalda
(f. 1970) er fødd og oppvaksen i utkanten av Paris, og bur der også i dag. Ho debuterte med Eg vil at nokon skal vente på meg i 1999. Novellesamlinga vart ein kjempesuksess og selde raskt 200 000 eksemplar berre i Frankrike. Gavalda fekk Frankrikes viktigaste bokhandlarpris i 1999. Hennar største suksess er Saman er ein mindre aleine, som har seld over 2 millionar og er omsett til over 40 språk. Livet, til det betre gjekk rett inn på bestseljarlistene da ho kom ut i Frankrike.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO