Erotisk-poetisk roman om ei kvinne som har mist ein mann til ein annan mann, og reiser vekk - meir for å reise til noko enn frå noko. Forteljinga vender seg innover i personlegdomen kvinna vil finne fram til mannen i seg. Den myteomspunne delfinen er den som etter kvart viser vegen til henne sjølv.
"En uvanlig og vakker roman, holdt i et uvanlig og vakkert språk, og Ann Kavli gjennomfører løpet uten å miste grepet. Flott gjort!"
" Kavli beskriver sterkt og fortettet. Språket er godt, slik Kavli ogs? tidligere har vist original og personlig språkbeherskelse"
"Ein roman ein stadig for lyst til å bla tilbake i og lese omatt. Det er reint og vakkert. Teksten gjer ein nyfiken, og Ann Kavli har lukkast denne gongen og."
"Forfatteren kan skape stemninger og få fram følelser på en annerledes måte."
"Styggvakkert og poetisk sorgstudium. Det psykologiske studiet gjør Delfinens smil til en god, og stadig overraskende roman"
Ann Kavli
(f. 1960) er forfattar og biletkunstnar frå Åndalsnes. Ho debuterte i 1991 og har sidan gitt ut fleire bøker i ulike sjangrar. I tillegg arbeider ho med andre kunstuttrykk, som biletkunst og tekstperformance. Kavli har utdanning frå Lærarskulen og Høgskulen i Volda, Forfattarstudiet i Bø og Strykejernet Kunstskole i Oslo. Ho har skrive både diktsamlingar, romanar, kortprosa og teaterstykke. Ho har fått Alfred Andersson-Rysst pris og Oslo kommunes kulturstipend. Kavli har dessutan hatt fleire litterære verv og sit i 2010–12 som styrerepresentant for Den norske Forfatterforening.
Litterære prisar
Oslo kommunes kulturstipend
Oslo kommunes kulturstipend for 1999
Alfred Andersson-Ryssts fond
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1998.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO