15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen.
Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.
Sitat frå melding
««Når er ein diagnose til hjelp, og når står den i vegen for at enkeltmennesket skal få utfalde seg? Ungdomsromanen Sinne stiller store spørsmål utan å ta frå lesaren rommet til å tenke vidare på eiga hand.» Britt Kristin Ese, barnebokkritikk.no»
««Ingebrigtsen har skrevet en viktig ungdomsroman, det finnes få bøker som beskriver temaet jenter med ADHD så nært, troverdig og ufiltrert.» Marthe Andersen Snekkerhaugen, Avisa Hadeland»
««Ann Helen Kolås Ingebrigtsen skriv om kvardagsleg ungdomsliv i eit språk som flyt fint og lett. Replikkane er presise og snappy, uttrykka tett på dei ungdom framleis brukar, språket krydra med lånord frå engelsk.» og «Det er Synne si historie romanen fortel, men Kolås Ingebrigtsen vidar samstundes biletet ut når ho beskriv åtferda og replikkane til karakterane rundt Synne. Det gjev naudsynte perspektiv.» Periskop»
««(...) eg er heilt sikker på at denne boka kan vere til vesentleg støtte for ungdomsskuleeleven som til liks med Synne må finna ut av eit sjølv for puberteten uvanleg galopperande kjensleliv.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen»
Bla-i-boka
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) kjem frå Valderøya i Giske kommune. Ho arbeider som norsklærar i vidaregåande skule.
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO